Hopp til hovedinnhold

Olav R. Øyehaug anbefaler Potta Géza

av Olav R. Øyehaug — sist endret 2023-03-28T14:16:05+02:00
Olav R. Øyehaug er forfatter, musiker og komponist. Han har utgitt de kritikerroste kortprosasamlingene Kodane og Essensen, han har skrevet musikken til en rekke filmer, deriblant "Den andre mannen", filmen om Olav H. Hauge, og spiller i kultbandet The Kanossa Gang.
Potta Géza

Születtem mint primás

FolkEuropa, 2003, Ungarn

Lat meg råde folk til å høyre på spelemannen Potta Géza, med plata Születtem mint primás. Eg kan ikkje ungarsk i det heile, men "mint" og "primás" høyrest ut som ord som skildrar denne fyren på ein fin måte.

Den første gongen eg fekk ferten av violinisme som var så snirklete og virtuos og gnikkete eg berre hadde drøymt om, var for ti år sidan. Niculae Neascu, ein rumensk fiolinist frå gruppa Taraf des Haidouks, plukka av eitt hår frå bogen, knytte det til ein felestreng, og drog så fram satans eigen musikk. At det var slik han fekk fram den styggpene lyden fann eg først ut i forgårs, men mysteriet hadde fått god tid til å sette seg. Kanskje er det nettopp det mystiske ved desse innspelingane av 77 år gamle Potta Géza som fengar guten. Eg er litt yrkesskada etter å ha jobba med musikk sidan 2004, og er kanskje på utkik etter musikk eg ikkje forstår heilt, slik det var før, når eg ikkje visste alt om innspelinga til A day in the life, eller kva samples som var brukt på Only built 4 cuban linx. Eg veit mellom anna ikkje kor mange musikarar som er med på spor 3 her, som høyrest ut som det er frå 30-talet. Eg høyrer kanskje ei anna fele, ein bratsj, og ein bass, men kven veit? Er sporet ein versjon av spor nummer 1, Csárdasok simán? Oi sann, no speedar det opp, nokon seier noko. Der var det slutt, ja.

Samspelet gir inntrykk av å så vidt henge saman, på den måten at plutseleg er det som om bassisten (eller kva det no er) seier: "du, eg dett ned desse trappene her medan eg held fram å spele i rett tempo" og den andre fiolinisten skyt langtidsvirkande insulin medan han spelar like frenetisk, men noko annaleis, vidare. Eg anar ikkje, og eg kjem aldri til å ane korleis det heng saman. 

Song 5 er ei stund ein ballade, featuring mitt favorittinstrument cemballum, eller cimball, eller hakkebrett. (Viss nokon vil selge meg eit slikt instrument, ta kontakt gjennom biblioteket.) Melodiane er mystiske og vakre, eg veit ikkje kva som driv dei. Javel, mykje er frå ungarske folkesongar, men eg veddar min snart nyerverva cimallum på at dei ikkje høyrdest slik ut i utgangspunktet.

Takk for merksemda.

 

Olav R. Øyehaug