Hopp til hovedinnhold

Øde øy album: Brit Aksnes

av Vibeke Garrod sist endret 2021-07-23T09:00:42+02:00
Du strander på en øde øy. Favorittartistene er heldigvis med i kofferten, men kun ett album. Hvilket?

Brit Aksnes er journalist, forfatter og kritiker, men også gitarist og vokalist! Blant annet i Microbandet, som har det med å dukke opp i by og bygd når du minst venter det. Hva skal vi få servert av Brit tro, hva pakker hun med seg til en øde øy?

Sudan Dudan: Inntil i dag 

Tenk deg kjensla du hadde som 14-åring og ei plate kunne treffa deg sånn at du følte at verda gav meining, at ho vart opnare og finare og samtidig at du vart heva over alt verdsleg og kjente deg eit par hakk klokare enn alle andre, at du hadde knekt koden og fått innblikk i noko som ikkje alle andre hadde forstått. Og på same måte som du ville misjonera og frelsa desse som ikkje forstod, så var det noko berusande i det å føla seg som den einaste som fatta greiene, at for ei lita stund var det nesten som du var åleina om denne musikalske oppdaginga. Tenk deg så at du utover tjueåra kanskje mistar denne kjensla. Du høyrer mest på dei platene som var kjekke før eller nokre unntak med heilt grei musikk som du plukkar opp ein eller anna plass.

Tenk deg så at du skriv omtalar til programmet til Vossa Jazz og høyrer den eine artisten etter den andre og skriv meir eller mindre inspirerte tekstar for å lokka folk til konsertane. Og så må du tenka deg at du set på ei plate av ein norsk duo som heiter Sudan Dudan. Fyrst tenkjer du deg at jaja, folkemusikk, det er fint, det. Fint at det er gitar i stadenfor fele. Og oj, tenk at langeleik er så fint! Og så, kven er det som syng? Det er som at Sandy Denny og Joni Mitchell gjekk saman og lærte seg kveding. Så kjem ein fyr med ei underleg lite folkemusikk-aktig stemme og harmoniserer sånn at hjernen og øyrene byrjar krangla – korleis er det muleg å laga sånne nydelege andrestemmer? Med strengar og stemmer blir det på ein måte firstemt til slutt. Dei melankolske soge-songane med triste tekstar om falne soldatar og systre som døyr og kjærleikserklæringar tek deg med til både fortid, notid og framtid.

Du treng ikkje tenka deg noko meir no, du kan finna fram Inntil i dag med Anders Røine og Marit Kalberg som utgjer den best gøymde skatten i moderne norsk musikk, Sudan Dudan. At plata er produsert av Odd Nordstoga skal du ikkje la deg skremma av eller få for høge forhåpningar av, alt etter korleis du ser på han. Det er vanskeleg å koma på ei anna plate eg heller set på, og det har eg gjort sidan den haustdagen i 2013 då eg skreiv programteksten til Vossa Jazz 2014: ”Assosiasjonane går like gjerne til den engelske folkrock-scena frå 60-talet eller til Appalachian folk music frå Amerika”. Eg ville nok òg tenkt på kjære Noreg om eg sat på ei aude øy og berre hadde denne plata med meg, men mest av alt ville eg tenkt at verda er open og fin og at det kanskje snart kjem ein båt og plukkar meg opp, men det er ikkje så nøye om det skjer med det same, for eg har ein av tidenes vakraste plater med meg og kjenner meg heva over alt verdsleg.

Les flere anbefalinger i serien Øde Øy album.