Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.

Big Black: Songs about fucking

av Vibeke Garrod sist endret 2016-11-16T14:58:36+02:00
Big Black

Songs about fucking

Touch and Go, 1987, USA

Big Black oppstod i Chicago rundt 1982, med Steve Albini som frontfigur. Han fekk med seg Jeff Pezzati og Santiago Durango som begge var tilknytt bandet Naked Raygun. Big Black lagde nokre EPar, og slapp sitt debutalbum Atomizer i 1986. Året etter kom deira andre album, Songs about fucking, og same året vart bandet oppløyst. Albini har jobba aktivt vidare med musikk, og då hovudsakleg produsentarbeid. Han har sitt eige studio i Chicago og lista over band han arbeider med er lang og eksklusiv. Han produserte mellom anna Nirvanas In Utero, og har hjulpe band som The Breeders og Palace Music. Songs about fucking inneheld ei kuriøs versjon av Kraftwerks “The model” og andre hardtslåande songer. Du kan lese meir om gruppa og andre eminente band i den gjeve boka Our band could be your life.