Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.

Black Feather: Silhouette

av Arild Ness sist endret 2016-11-16T14:58:39+02:00
Black Feather

Silhouette

Other Electricities , 2009, Norge

Tidlegare Jaga Jazzist-gitarist Harald Frøland solo-debuterar med Silhouette. Resultatet har blitt ein form for orkestral og svevande popmusikk med hypnotisk vokal som kilar i øyregangane. Med på laget stiller blant andre gamle medlemmer frå Jaga Jazzist og Kenneth Lamond (Jr Ewing). Desse har bidrege til eit lydbilete overlessa med deljaljrik og variert instrumentering (t.d. gitar, perkusjon, trompet, tromboner, fløyter) som i sum leiar fram til storslåtte arrangement. Silhouette er ei stilbrytande utgjeving frå ein artist som ikkje er redd for å la musikken ta både pompøse og uventa vendingar.