Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.

Children And Corpse Playing In The Streets: Honey I'm Home

av Arild Ness sist endret 2016-11-16T14:58:39+02:00
Children And Corpse Playing In The Streets

Honey I'm Home

Children And Corpse Playing In The Streets Records, 2009, Norge

Honey I'm Home skulle eigentleg bli lansert i 2008, men krangling med plateselskapet om skivecoveret gjorde at Children And Corpse Playing In The Streets måtte utsette debuten. Romsdals-duoen Inga-Lill Farstad og Marit Harnes tok konsekvensen av det og gir her ut albumet på eigen etikett. Som bandnamnet antyder, er det i grenselandet mellom det barnsleg naive og det skumle musikken har funne sitt rotfeste. Honey I'm Home er ca 50 minutt med draumande indiepop som kan trekke tankane over mot likesinna som Coco Rosie, Cat Power og Rockettothesky. I grunnbotn ligg det eit akustisk mjukt teppe, men musikken byr også på solide innslag av casio-rytmer, klokkespel, bossa nova, pling-plong og falsetterte vokalharmoniar. Litt på overtid får Children And Corpse... endeleg spreidd sin debut til folket. Og denne gongen heilt på eigne premiss.