Daniel Johnston: Welcome To My World

av Arild Ness sist endret 2016-11-16T13:58:38+01:00
Daniel Johnston

Welcome To My World

Eternal Yip Eye Music, 2006, USA

Sær, naiv, eksentrisk, kronisk deprimert og mentalt sjuk einstøing. Karakteristikkane har ikkje vore av det lystigaste slaget når personen Daniel Johnston har blitt skildra. Og sjølv om han ofte reknast som ein bisarr kultfigur for mange, har for eksempel Kurt Cobain, Teenage Fanclub, Sonic Youth og Yo La Tengo trekt fram Johnston som inspirasjonskjelde. Musikken er både skranglete, barnleg og nasal, og sikkert ikkje av det mest lett-tygde. Av og til høyrest han då også ut som eit obsternasig barn med litt for masse sukker i halsen. Samstundes har han skapt eit forunderleg univers som over tid står fram som både magisk og appetittvekkande. Sjølv om Beatles-elskaren Johnston er ein underleg skrue, er han like fullt ein skrue proppa opp med musikalsk briljans.