Hopp til hovedinnhold

Devendra Banhart: What Will Be

av Arild Ness sist endret 2016-11-16T14:58:38+02:00
Devendra Banhart

What Will Be

Warner, 2009, USA

Devendra Banhart, ein viktig ambassør for den amerikanske Freak folk-rørsla, har på sitt sjuande studioalbum blitt snappa opp av det gigantiske selskapet Warner. Men det er ingen stor grunn til bekymring. What Will Be inneheld riktignok litt mindre krumspring enn tidlegare og er meir strukturert i form og innhald, men Devendra lagar framleis snurrige og gitar-orienterte folkmelodiar som får fram hippievennlege leirbål-stemningar. Og han går heller ikkje av vegen for å krydre opp sakene med små dryss av disco (16th & Valencia Roxy Music), reggae (Foolin`) og spanske serenader (Brindo). What Will Be har blitt ei laidback og sommarleg skive som neppe skuffar dei som har blitt dus med den kreative artisten sine tidlegare utgjevelsar.