Donkeyboy: Caught in a life

av Arild Ness sist endret 2016-11-16T13:58:39+01:00
Donkeyboy

Caught in a life

Warner, 2009, Norge

Med den fengande sommarhiten Ambitions fikk Drammensbandet Donkeyboy sitt store gjennombrot her til lands. Debutalbumet Caught in a life har har allereie solgt i bøtter og spann med sin radiovennlege og synthdrevne pop, og i likheit med sine turnèvennar A-ha har også Donkeyboy minst eit bein trygt forplanta i det glade åttitallet. Med vokalhjelp frå tidlegare Idol-deltakar Linnea Dale på sine to fyrste singlar Ambitions og Sometimes, har Donkeyboy levert eit uskyldsreint og pent album som vil snurre på mang ein platespelar i tida framover.