Hopp til hovedinnhold

Drive-By Truckers: The Fine Print

av Arild Ness sist endret 2016-11-16T14:58:38+02:00
Drive-By Truckers

The Fine Print

New West Records, 2009, USA

Amerikanske Drive-By Truckers er ein institusjon innanfor den alternative countryrocken. Bandet har også opparbeidd seg ei stor fanskare her til lands. Sjølv om The Fine Print ikkje bør reknast som eit offisielt nytt album, inneheld det likevel ei samling av raritetar og uutgitt materiale frå perioden 2003-2008 som kan vere av interesse for mange. I tillegg til eigenkomponerte låtar byr albumet også på coverversjonar av artistar som Bob Dylan (Like A Rolling Stone), Tom Petty (Rebels) og Warren Zevon (Play It All Night Long).