Flux – Uncarved block

av Arild Ness sist endret 2016-11-16T13:58:39+01:00
Flux med postpunk for anarkisten og den spirituelle mottakar
Flux

Uncarved Block

One Little Indian, 1987, England

Det anarkistiske punk-bandet Flux (seinare Flux of Pink Indians) gav i 1986 ut albumet Uncarved block. Inspirert av blant anna Zen-buddhisme og taoistisk litteratur braut den britiske gruppa med sine tidlegare bedrifter og serverte ei samling svært dansbare melodiar innanfor new wave og postpunk-området.

Flux kan vurderast som eit eksperimentelt alternativ til for eksempel New Order, eit band som også hadde si stordomstid i same periode. Uncarved block introduserar oss for musikalsk villskap der jazz, støy, tribal klaustrofobi og mediterande tekster rørast i hop med ofte enormt popvennlege parti.