Hopp til hovedinnhold

Ghostface Killah - Wizard of Poetry in Emerald City

av Arild Ness sist endret 2016-11-16T13:58:39+01:00
Wizard of Poetry in Emerald City blir omtalt som Ghostface Killah sitt r&b-album. Forvent derimot ikkje ei rein fløtepus-skive utan snert eller nerve.
Ghostface Killah

Wizard of Poetry in Emerald City

Def Jam, 2009, USA

Ein får nesten ta det som det er. For ringreven frå Wu Tang Clan gjer for så vidt det han er aller best til, nemleg å synge om damer - og då gjerne på ein ganske så rett fram skitten måte. Under aliaset Ghostdini tryllar han fram sine underhaldande rim og sjølvskrytande tekster under eit teppelag av snertne beats. Det ”alvorlige” unntaket i all moroa er Lonely, der playeren Ghostface sjølv syng audmjukt om saknet etter eksen. Som seg hør og bør er det også ein kredibel samling namn med på gjestelista her, deriblant  John Legend, Kanye West, Ne-Yo og Raheem Devaughn.

MySpace: www.myspace.com/ghostface