Hopp til hovedinnhold

Håkan Hellström: Samlade singlar 2000-2010

av Arild Ness sist endret 2016-11-16T14:58:40+02:00
Ein sorgmunter gentleman har samla sine beste spor.
Håkan Hellström

Samlade singlar 2000-2010

Dolores Recordings, 2010, Sverige

Känn ingen sorg för mig Göteborg” gjekk strofa mange av oss hoja med til når joviale Håkan Hellstrøm solodebuterte for ti år sidan. Og heldigvis blei ikkje denne gromlåta ståande einsam i si briljans. For svensken hadde nemleg fleire musikalske ess gøymt i ermet.

Fem album seinare har den tidlegare Broder Daniel-bassisten fått eit heilt kartotek av fine pop-singlar på samvitet, og ikkje minst markert seg som ein av dei fremste pop-ambassadørane i Norden. Dolores Recordings følte difor det var på tide med ei lita oppsummering og samlar her singlane til Herr Hellström på eit brett. Og for ei samling det har blitt! Gjennom 17 singlar inviterast vi med på ei kvalitetsreise fylt opp av munter pop, rock og svensk soul.

At Herr Hellström er ein sorgmunter gentleman er det ingen tvil om. I blant tar han på seg helsetrøye og matrosdressen og serverar smilande godbitar som ”Kom igjen Lena” eller ”Ramlar”. Andre gongar, som i ”Jag hatar att jag älskar dig och jag älskar dig så mycket att jag hatar mig”, står han med ei vissen rose i handa og gir melankolien eit andlete. Han har i det heile tatt mykje på hjartet denne karen – eit hjarte som tenderar til å både breste og blomstre.

Medan vi ventar på det nye albumet til Göteborg-artisten (Två Steg Från Paradise – Utgjevelsesdato 18/10-2010) er denne flotte samlinga eit godt botemiddel for å døyve dei aller verste abstinensane.