Hopp til hovedinnhold

Jack Bruce & Robin Trower: Seven Moons Live

av Arild Ness sist endret 2016-11-16T13:58:39+01:00
Jack Bruce; Robin Trower

Seven Moons Live

Ruf Records, 2009

Her snakkar vi om ein skikkeleg power-trio beståande av Grand Ol` Men innanfor blues-basert rock. Legendariske Jack Bruce – den aldrande og ofte sjukdomsplaga Cream-bassisten har, saman med Procol Harum-gitarist Robin Trower, i både band og med sine respektive solo-karrierer, hatt stor suksess i fleire tiår. Trower, som har blitt omtalt som den kvite Jimi Hendrix på grunn av sin slepne gitarstil serverar varene. Bruce har behaldt sin velkjente bass-signatur og har også ei imponerande stemmeprakt. Saman med Gary Husband på trommer formidlar trioen eit halvsølete og friskt blues-uttrykk. Seven Moons Live er eit djupdykk inn i rockehistoria frå herrer som trass nye trendar ikkje er redd for å skue tilbake til det som eingong var.