Hopp til hovedinnhold

Jay-Z: The Blueprint 3

av Arild Ness sist endret 2016-11-16T14:58:38+02:00
Jay-Z

The Blueprint 3

Roc Nation, 2009, USA

Med The Blueprint 3 avsluttar verdas største rappar sin sjølverklærte triologi. Og som alltid når Jay-Z gjev ut plate står stjernelaget i kø for å delta. Blant andre Rihanna, Kanye West, Alicia Keys og Pharrell står kreditert med musikalske innslag på denne skiva. The Blueprint 3 fauk rett til topps på den amerikanske hitlista og det latar som om suksesshistoria til rap-mogulen frå Brooklyn ingen ende har. Då kan han vel unne seg å vere litt kompromisslaus. Eit særs godt døme finnast på The Blueprint 3, nemleg ein oppdatert versjon av Alphaville-sviska Forever Young. Og kven andre enn Jay-Z kunne eigentleg sluppet unna med det?