Lars Winnerbäck: Tänk Om Jag Ångrar Mig Och Sen Ångrar Mig Igjen

av Arild Ness sist endret 2016-11-16T13:58:38+01:00
Lars Winnerbäck

Tänk Om Jag Ångrar Mig Och Sen Ångrar Mig Igjen

Universal Music , 2009, Sverige

Viserockaren Lars Winnerbäck er nesten som ein folkehelt i Sverige å rekne, med salgstall dei fleste artistar kan drøyme om. Også i Norge har ein for alvor fått augo opp for den sympatiske svensken med heile ni studioalbum på samvitet. Winnerbäck befinn seg for så vidt aldri særlig langt unna velkjente formlar, men med djupt personlige tekstar, karakteristisk hes røyst og enkle men dog så effektive melodiar er det lett å skjønne at han har blitt ein favoritt for mange. På Tänk Om Jag... er det ei overvekt av mektige stadionrock-låter, men her er også, som alltid når Lars Winnerbäck er involvert, skjøre og tankevekkande ballader. Svensken legg forøvrig ut på Norges-turné i november der blant andre Oslo, Arendal og Bergen står på besøksplanen.