N.A.S.A: The spirit of Apollo

av Vibeke Garrod sist endret 2016-11-16T13:58:37+01:00
N.A.S.A

The spirit of Apollo

Anti, 2009, USA

Squeak E. Clean og DJ Zegon utgjer prosjektet N.A.S.A (står for North America / South America), og dei har med seg ei real tropp av vener og kjende musikarar på denne debutplata, heile 40 stykk seier dei sjøl. Blant anna gjestar Chali 2na, Gift of Gab og Del tha Funkee Homosapien, som er tipp topp rapparar. Vidare er framståande artistar som David Byrne, Lykke Li og Tom Waits og innom. Utfallet er nyanserikt og livleg. Nokså morosam er låta Spacious Thoughts der Tom Waits og Kool Keith utfyll kvarandre fint. Gode greier er det òg frå Santigold, Lykke Li og Kanye West på songen Gifted. N.A.S.A seier sjøl at dei ikkje lagde musikken med tanke på kven dei ville ha med, heller andre vegen, at dei etter kvart fann ut kven låtane passa til.