Hopp til hovedinnhold

Orbo & The Longshots: Masquerade

av Arild Ness sist endret 2016-11-16T13:58:39+01:00
Orbo & The Longshots

Masquerade

Sony, 2009, Norge

Ole Reinert Berg-Olsen (ORBO) og vennane i The Longshots har verkeleg skapt eit namn for seg sjølv i det siste. Bergensbandet sikra seg nemleg ein Spellemannspris i 2008 for albumet High Roller og det kommande året signerte dei jaggu meg kontrakt på Sony Music. Men overgangen til eit stort selskap har på ingen måte forringa det musikalske uttrykket. Masquerade er Tom Petty-influert rock'n'roll, krydra med innslag av country og soul. Merk deg også at den halvkjende Arna-guten Kurt Nilsen står kreditert som medprodusent på albumet.