Richard Hawley: Truelove´s Gutter

av Arild Ness sist endret 2016-11-16T13:58:37+01:00
Richard Hawley

Truelove´s Gutter

Mute Records, 2009, England

Den tidlegare Pulp-gitaristen Richard Hawley er her aktuell med si sjette utgjeving. Truelove´s Gutter er ei moderne crooner-skive, halvjazza i forma og omringa av eit cinematisk og orkestralt lydteppe. Høveleg til det melankolske haustmørket kanskje, gjerne i selskap med stearinlys, eit glas vin og ei god bok. Utan den openbare tristessen til Nick Cave, har Richard Hawley levert eit stilreint og pent album som fylgjer opp tråden frå tidlegare utgjevingar.