Hopp til hovedinnhold

The Bug: London Zoo

av Vibeke Garrod sist endret 2016-11-16T13:58:36+01:00
The Bug

London Zoo

Ninja Tune, 2008, England

Engelskmannen Kevin Martin spelar musikk under artistnavnet The Bug, i eit landskap av grime, dubstep og ragga. Martin har tidligare vore involvert i prosjektar som Techno Animal og Razor X Productions. London Zoo opnar med den energiske ”Angry” og her medverkar storkaren Tippa Irie med si stemmeprakt. Låta Skeng med Killa P og Flowdan er særs barsk og fengslande. The Bug har laga eit glødande og intenst album med kvalitet hele vegen.