Hopp til hovedinnhold

The Concretes: Hey Trouble

av Vibeke Garrod sist endret 2016-11-16T13:58:37+01:00
The Concretes

Hey Trouble

Licking Fingers, 2007, Sverige

Stockholmsbasert band med ei besetning på 7 musikarar (i tillegg til side-musikarane i ”Honorary Concretes” som og medverkar). Instrumenta dei brukar er mellom anna flygelhorn, klokkespel og mini-moog, i tillegg til gitar, bass, trommer, piano med meir. Mange velklingande lydar her, og alle tiders vokal frå denne gjengen. Dette albumet er deira tredje, og det første dei gav ut etter at tidligere vokalist Victoria Bergsman sa farvel. Vårstemninga stig  i takt med songen ”Oh Boy”, medan låta ”A whales heart” er perfekt for ei siesta-lytting på godt underlag.