The Fiery Furnaces: I`m Going Away

av Arild Ness sist endret 2016-11-16T13:58:37+01:00
The Fiery Furnaces

I`m Going Away

Thrill Jockey , 2009, USA

New York-baserte The Fiery Furnaces består av søskenparet Matthew og Eleanor Friedberger og dette er deira åttande fullengdar. Måtehold er vel ikkje eit stikkord når det kjem til The Fiery Furnaces sin kreative indierock, dei er heller eit band som dyttar inn så mange sjangrar dei maktar på ei skive. Men på I`m going away syner dei seg likevel meir fokusert enn vanleg. Sjølv om albumet også inneheld innslag av garagerock, soul-ballader og pop-prog, er det det meir umiddelbare tonestøvet som blir mest framtredande. Resultatet er leikent, sprettande og i fylgje uttalelsar frå bandet sjølv fyller musikken også naudsynte cinematiske behov hos deg og meg.