War child heroes: The ultimate covers album

av Vibeke Garrod sist endret 2016-11-16T13:58:37+01:00

War child heroes: The ultimate covers album

Parlophone, 2009

Korleis kan det gå når Lily Allen covrar The Clash Straight to hell og Scissor Sister spelar Roxy Music Do the strand? Ja, svaret får du her på denne samleplata. Fortenesta frå utgivinga går til War Child International, som hjelp krigsramma barn. Kjende og kjære melodiar frå musikkhistoria tolkast av aktuelle artistar. Peaches gjer ei elektrisk ladd versjon av Search and destroy (Iggy Pop) og Franz Ferdinand avsluttar samlinga med Blondies Call me. Mange interessante bidrag her av meir eller mindre vellykka art.