Hopp til hovedinnhold

William Elliott Whitmore: Animals in the dark

av Vibeke Garrod sist endret 2016-11-16T14:58:38+02:00
William Elliott Whitmore

Animals in the dark

Anti, 2009, USA

Skikkeleg stemmebruk frå denne karen frå Iowa. Oppvaksen i ein musikalsk familie der gitar, banjo og trekkspel var ein del av møblementet, var det naturleg at han byrja med låtskriving i tidleg alder. Han seier sjølv at mange av tekstane hans har handla om sorg og tap, og musikken har fungert som ein kurerande prosess. No kretsar tekstane meir rundt universelle og politiske tema, og Whitmore har mykje bra på hjartet.