Hopp til hovedinnhold

Yacht: See Mystery Lights

av Arild Ness sist endret 2016-11-16T13:58:38+01:00
Yacht

See Mystery Lights

DFA, 2009, USA

Yacht stammer frå Portland, Oregon og har i det siste fått ei stor stjerne i såkalla kredible delar av den amerikanske musikkpressa (Pitchfork). Med sin utadvendte og dansbare elektronika og ein tydeleg forkjærleik for synth-eufori frå 80-talet, presenterar Yacht både ein tidsriktig og velsmakande musikalsk potpurri. Om sveipande rytmer og bråkjekke vokallinjer dandert med elektronisk pudder høyres spennande ut kan See Mystery Light vere eit heit tips for framtidige klubbkvelder. Samt ein tur på musikkbiblioteket.