Hopp til hovedinnhold

Tekken 6 (PS3)

av Arild Ness sist endret 2022-09-11T15:33:25+02:00
Det går hardt for seg når kamphanene i Tekken braker saman.

Tekken 6

Namco Bandai, 2009

Tekken har sidan midten av 1990-tallet vore eit av dei mest kjende slåssespela, både på arkademaskiner og på PlayStation. Premissane har aldri vore særleg kompliserte i Tekken-universet. Anten du ynskjer å spele mot datamaskina eller mot eit menneske blir du plassert på ein kamparena der du ved hjelp av ulike slåss-kombinasjonar med kontrollaren skal overvinne din motstandar.

I Tekken 6 kan du velje din eigen kamphane frå eit rikt galleri av både nye og gamle karakterar. Sjølv om spelet i bunn og grunn bygger på dei same ingrediensane som det alltid har gjort, har Tekken 6 også inkludert nyvinningar som er med på å vidareutvikle serien. Blant anna har dei japanske utviklarane i Namco Bandai lagt vekt på ei meir omfattande historieframstilling, forbetra både grafikken og 3D-animasjonane og gjort omgjevnadane interaktive. Dette inneberer for eksempel at du kan oppdage nye kampbrett inne i sjølve spelet ved å slå deg gjennom vegger og golv.

Tekken 6 tilbyr eit utval av ulike spelmodusar. Valet er ditt anten du vil spele saman med andre, eller slåss deg gjennom ein av dei mange einspelarmodusane som er tilgjengelege.

PEGI 16

 

 

Trailer