Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Arild Ness sist endret 2018-07-16T11:56:48+00:00
Korleis forheld biblioteket seg til gåver og donasjoner frå privatpersoner?
Biblioteket får svært mange tilbod om å overta større og mindre "boksamlingar". Det kan vera alt frå dødsbu til studentar på flyttefot. Vi arbeider hardt med å rydda i eigne samlingar og er svært restriktive med å ta i mot gåver. 
 
Lånarar som ynskjer å gje gåver må ta kontakt med biblioteket på e-post eller informasjonsskranken for det aktuelle materialet / fagområdet.

Hugs :

  • Bøker eller anna materiale skal vera i god teknisk stand.
  • Vi er stort sett berre interesserte i nyare materiale som er mykje etterspurt, har venteliste e.l., eventuelt materiale av historisk eller lokalhistorisk verdi.

Korleis gå fram?

  • Du må levera ei liste med oversyn over materialet, på e-post eller direkte i skranken. 
  • Fagansvarleg / avdelingsleiar på biblioteket vil så gå gjennom lista og gjev deg tilbakemelding om kva materiale vi er interesserte i å sjå på og avtaler kvar og når materialet kan leverast. 
  • Fagansvarleg / avdelingsleiar forbeheld seg retten til å gå gjennom materialet og plukke ut det vi vil ha. Resten må du ta med deg heim.