Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Mette Karlsvik — sist endret 2012-12-17T18:15:11+01:00
Journalisten Linda Eide vart klekt i eit studio hos NRK då ho var tjue. Sidan då har ho jobba mest med munnleg formidling. Men ein av veggane i bustaden hennar er bytta ut med bokhyller. Hyllene er teikna av bror til Eide. Det er óg ei frittståande bokhylle, som veks organisk rundt ein skrivepult. Her er det godt å vere.

Pannekakerøra

Det er søndag i Nygårdsgaten 63. Oppslått på kjøkkenbenken er eit maskinskrive hefte litt større enn A4, skreven av Inger Lidsheim heimkunnskapslærerinna frå barneskulen. Mellom oppskrifter på rullekaker, kjøttkaker, fiskekaker, kakefest og våravslutning er det bilde av ei vossaelv i full vårløysing, med bildeksten "Reint vatn er eit privilegium". Ein halv kopp vatn, ein kopp mjølk, to matskjeier sukker: Eide lagar Lisso sine pannekaker, med mykje egg. Journalisten Linda Eide vart klekt i eit studio hos NRK då ho var tjue. Sidan då har ho jobba mest med munnleg formidling. Men ein av veggane i bustaden hennar er bytta ut med bokhyller. Hyllene er teikna av bror til Eide. Det er óg ei frittståande bokhylle, som veks organisk rundt ein skrivepult. Her er det godt å vere. Ein heim med Linda i forklé og pannekaker på gang på kjøkkenet. Det er som ho skriv, journalist Marit Eikemo, allereie i 1998: Alt er som vanleg med Linda Eide. Vanleg inntil det surrealistiske. Dette intervjuet er blitt til gjennom to samtaler: ein prat som eg hadde med Eide på biblioteket i Bergen eit par dagar tidlegare og møtet heime hos henne. Den første delen av dialogen er i frå samtalen på biblioteket, den siste er frå Nygårdsgaten:

Linda Eide anbefaler:

Marit Eikemo:
Samtidsruinar

Axel Sandemose:
En flyktning krysser sitt spor

Harald Grønningen:
I det lange løp - fortalt til Arne Svendsen

Jan Egil Storholt:
Gull og grønne laurbær

Knut Bjørnsen:
Fred A. Maier forteller til Knut Bjørnsen

- Du har fortalt meg at du som born las biografiar; Historien om - bøkene, og biografiar av norske idrettsutøvarar som du ikkje eingong visste kven var: Harald Grønningen, Jan Egil Storholt, Fred Anton Maier, kvifor las du dei?

- Det var bilde i dei bøkene. Bilda var gevinstar som ein fekk når ein hadde lese seg gjennom bøkene. Dei som laga bøkene var sleipe. Ein må lese heile boka før ein får sjå på bilda.

- Du las Asterix, Billy, Lucky Luke, og Sprint, ein journalist…

-  Nei, nei, Sprint var ein eventyrar, ikkje journalist. Det meiner eg bestemt.

- Det kan vel vere to sider av same sak. Sjølv gjekk du rett frå teikneseriane til Bjørneboe, Sandemose, alvorlege karar.

- Det var noko greier som eg las i gymnastida. Eg veit ikkje heilt kvifor eg las det. 

- Men så fann du Gerd Brantenberg?

- Eg hadde på den tida byrja å skjønne at eg var i den andre fila, det var ikkje lett å finne litteratur som traff meg då. Det var ikkje noko der som handla om Per og Per som laga ein heim i lag. Men så skreiv Brantenberg om ei jente som var forelska i ei jente.

- Om ein legg godvilja til, kan ein vel også finne spor av orienteringa i den tidlege lesinga di også. Du har lese Anne Cath Vestly, som ikkje bare skildrar heterokonvensjonelle samlivsstrukturar, men også moderne familiar.

- Det tenkte eg ikkje så mykje på då eg var born og las om Aurora som budde aleine med pappa. Eg tenkte at den fråverande forelderen var på Nordsjøen det meste av tida og jobba på oljeplattform.

- Medan vi ventar på Godot av Beckett er ein annan av dine favorittar.

- Det er frå grunnfag litteraturvitskap. Andre favorittar frå den tida var Madame Bovary og De dro til fyret. Men då eg kom opp i munnleg eksamen i litteraturvitskap, og fekk spørsmål om ein av absurdistane, spurde dei meg kva stilretning boka var skrive i, dei lokka meg utpå, spurde: var det realistisk? Ja, svarde eg: Ja! Det er realisme!

- Den eksamenen verkar surrealistisk. Det er ikkje heilt ulikt eit teaterstykke som du skreiv under denne tida i Trondheim. Det var skrive særskilt for togstasjonen på Lademoen. I stykket ditt har konduktøren med seg bart og briller og andre rekvisittar for å få folka til å likna id-korta sine. Når ho ikke får dei til å likna med rekvisittane, kasta ho dei av. Les du andre absurdistar?

- I trettiåra vart eg med i ein leseklubb som ei god vennine starta for å redde ekteskapet sitt. Me budde alle ulike stader i landet og kom saman for å snakka om ei bok me alle hadde lese til samlinga. Fyrste boka trur eg var Camus Pesten.

- Camus og Beckett, det er ei line mellom dei. Camus var kanskje den første til å definere omgrepet absurditet, i essayet Sisyfosmyta. Der skildrar han det absurde ved livet. Mens Camus teoriserte omgrepet, praktiserte Beckett det som dramatikar.

Konduktøren på den surrealistiske togturen meiner at endestasjonen er nær for den delen av intervjuet som er henta frå biblioteksamtala. No reiser vi to dagar fram i tid, til søndag, og nokre hundre meter vestover, til Nygårdsgata. Her bur Linda saman med kona Elena frå Sverige: 

Linda eide bokhylle


-  Min lesnad har blitt påverka av min sambuar Elena. Først og framst fordi eg har blitt god til å lese svensk, som Johanna Nilsson og bøkene Rebell med frusna fötter, Konsten att vara Ela, De i utkanten älskande. Torbjörn Flykts Underdog, Carl-Johan Vallgrens Kunzelmann & Kunzelmann og Ekelunds Jag vil ha hela världen er dømer på ting eg har plukka opp. Men eg har ikkje Selma Lagerlöf, som vi hadde eit problem med begge to. Men Elena har introdusert meg til Sofia Karlsson sin poesi. Svenskane er inderlege men ikkje svulstige. Vreeswijk er fantastisk. Det var ein gjennombrot for meg då eg oppdaga at han syng om Felicia, som også Aksel Sandemose skriv om. Det er samanhengar å finne. Referansane er ikkje utilgjengelege. Vreeswijk brukar enkle ord, og talar rett til hjartet. Samstundes seier han ikkje alt rett ut. Det blir bilde på bilde.

- Du har sagt at du jobbar med å lage bilde i språket som radioreportar. Kva har du lært av Vreeswijk når det kjem til dette?

- Vreeswijk er enkel og poetisk. Han skapar bildet umiddelbart. Eg kjenner alle dei orda som han seier og dermed snakkar det til meg. Det gir det meining, og det blir bildeskapande, som Högsta berget bor jag på (Deirdres samba, forf. anm).

- Apropos meir eksotiske himmelstrøk: Kan du forklare denne store korga full av kart?

- Eg driv no og fartar og fer. Ein gong tok eg sykkelen på danskebåten, sigla til Danmark, og sykla gjennom Danmark til Nederland. Då tok eg med meg dette bilkartet, alt for lite detaljert, sjølvsagt, og brukte halve tida til å stoppe og leite etter dei rette vegane. Dei små, kvite, det er dei som ein kan sykle på.

-Og her er hollandsk-norsk ordbok.

-Boka er gitt ut i Nederland, og er laga for hollendarar. Dei refererar til vossamåluttalen kor ao brukast i staden for å, som blao i vossamål for blå. Difor syntes eg at eg skulle ha henne. Eg reiste mykje til Nederland, og var ganske god til å snakke nederlandsk. Ein må bare lære seg denne hrghssjj-lyden, seie han i staden for G, og hugse at Jei tydar du. Elles liknar det mykje på norsk.

- Du seier at du reiser mykje, og syklar mykje. Les du noko særskilt for å førebu turar?

- Då vi sykla til Berlin, las eg mellom anna The Innocent av Ian McEwan. Boka skildrar den kalde krigen gjennom ein enkeltpersons skjebne. Eg har alltid vore interessert i den absurde situasjonen i Europa etter andre verdskrigen. Dette er difor ei bok som eg tilrår alle som har interesse for tema. Men kor det dundrar! Er det vaskemaskina?

- Eg veit ikkje, eg høyrer ikkje. Det minnar meg om då du underviste meg og medstudentar i journalistikk og du lærte meg ordet sorl  på 00-talet. Sorl, sa du, med R like lang som ei sentrifuge, og lærte meg at det er eit journalistomgrep for lydar som står i vegen for kommunikasjon eller formidling.


- Ei einaste pensumbok har eg ståande her i bokhylla mi. Retorikk for journalister. Ho gjorde inntrykk fordi ho ga meg namn på språklege fenomen. Eit døme: zeugma, Det er, eg hugsar det veldig godt, når ein brukar det same verbet til å seie to heilt ulike ting. Til dømes: Han la beina på bordet og planar for framtida. Det er ei veldig kontrast mellom to så konkrete ting. Thore Roksvold skriv om klisjear også, i Retorikkboka. Ein gong i tida fekk folk klåre bilde i hovudet når ein sa gå av stabelen. No kan ein like gjerne seie det skjer. Ingen hugsar at å gå av stabelen, var då skip blei sjøsette og rulla ned ein stabel. Det var ein stor begivenheit hamnerbyar, kanskje det aller største. Men no gir det ikkje lenger meining eller bilde. Ofte er det slik at det er i feilsnakkinga at det interessante skjer. Det var ein gong ein radioreportar som sa og det kom som jólenissen på kjerringa. Det var mykje artigare enn jólekvelden på kjerringa, ikkje sant? 

- Du er vegetarianar, og har Eating Animals av Jonathan Safran Foer. Har du lese den?

- Nei, men eg veit at eg er einig i alt som står i ho. Eg har lånt boka av ein kollega. Elena har lese ho og eg skal lese ho.

- Du har skrive teksten for eit jólehefte om ein gris.

- Jolagrisen Gisse og andre tragiske jolaskjebner. Ho har historia om Veslelesbas jolanatt, om ei som kjem ut på jolanatta. Den har blitt ein klassikar i lesbemiljøet.

- I det same jóleheftet er historia Då gamlemor baka seg i hel, ein annan form for klassikar. Du har óg skrive boka Norsk Attraksjon etter ein lang periode kor du bare jobba med TV-mediet. Korleis var overgangen til å skrive prosa, etter så lang tid med TV-språk? 

- Ein glømmer å skildre ein del ting når ein skriv bøker viss ein har jobba med tv. Norsk Attraksjon er ei klassisk prosabok. Eg jobba med kvar setning, og forsøkte å lage ein dramaturgi i kvar historie. Det som eg fokuserte på, var å skildre kvar person, og gi nokre hint om korleis dei ser ut, utan at det blir ein politiskildring av det, av typen Han var 1.70 høg, osv.

- Kva bøker las du mens du jobba med boka?

- Eg las i bøker som Eikemos Samtidsruinar og Dublin av Grytten.  Det var for å komme inn i dette med bøker igjen. Arket låg der heilt kvitt og reint då eg sette meg ved arbeidsbordet.

- Og kva for bok blei det av Attraksjon?

- Det blei ei reportasjebok frå nokon som går rundt og observerar. Men no må vi ete.

Eide har forkle om livet, steikespade i handa, og appetitt på livet. Eides leseliv byrja over matbordet med blader som motra, mor hennar, tok med heim frå Narvesen. - Å lese teikneseriar då eg las kveldsmat. Det var toppen. Men sølte eg syltetøy på dei, var det krise, fortel Linda mens ho smør økologisk syltetøy over ei pannekake som er skakk i forma, lys i farga, og med brune flekkar som ei hollandsk ku. Om dette er mat for jenter som syklar til Nederland og Berlin, det seier ikkje Lisso si bok noko om.

 

Linda Eide plakat

 

Først publisert april 2012
Forfatter: Mette Karlsvik
Foto: Mette Karlsvik
Visuell profil: Håvard Legreid