Hopp til hovedinnhold

Det NYE, vesle mennesket

av Bjørg Karin Lunde — sist endret 2023-03-24T13:49:19+02:00
Child, Lauren

Det nye, vesle mennesket

Fortellerforlaget, 2014, Norge
9788281031579
barn

Ei fin bok om å få sysken. Forfattar og illustratør bak suksesshistorien Charlie og Lola er ute med ei ny biletbok på norsk. I denne boka møter vi ein ny karakter, Elmore Green. Tema er velkjende frå bøkene og filmane om Charlie og Lola: syskenrivalisering og syskenkjærleik.

I starten er Elmore Green einebarn. Han tykkjer "det er koseleg å vere det morosamaste, smartaste, mest sjarmerande mennesket nokon kunne tenkje seg". Men då det dukkar opp eit nytt lite menneske, vert han usikker. Likar dei han andre betre enn dei likar han? Elmore synest det nye, vesle mennesket er svært irriterande, og han skulle ynskje det drog attende der det kom ifrå. 

Men ei natt forandrar alt seg. Og det ender med at Elmore innser at det kan vere meir morosamt å vere to, istaden for berre ein.

Stilen kan minne mykje om den vi kjenner frå Charlie og Lola-universet, både i illustrasjonar og tekst. Vi finn element av collage, og der er ein naiv stil i bileta og i teksten. Boka er omsett til eit fint nynorsk av Runar Dahle.