Hopp til hovedinnhold

Dyreliv

av Ingrid Ytre-Arne sist endret 2021-09-09T18:24:53+02:00
Janosch

Dyreliv

Samlaget, 1983, Norge
barn

"Den som les dette, treng aldri meir å vere redd for nokon ting i heile verda."

Har du høyrt om Rufsetufs? Ein dag finn Rufsetufs-pappa ein flaskepost i elva. Så spennande!  Inne i flaska ligg ein bodskap, kanskje eit kart som fører til ein gøymt skatt! Rufsetufs må lese. På arket står det: “Den som les dette, treng aldri meir å vere redd for nokon ting i heile verda.” Å, Rufsetufs synest dette er ein god bodskap som alle burde få, meir verd enn gods og gull. I natt kjem han til å sove godt.

I denne boka kan du lese fleire historier om Rufsetufs, eller om den dumme haren Baldrian, Tigergrisen som blei konge, Kalven og mor hans, og mange fleire.

Dyreliv er, som det står på framsida av boka, vakkert og sannferdig skildra i ord og bilete av Janosch. Han er ein meister på underfundige betrakningar om dyra, men når vi les, liknar det i svært stor grad oss menneske… Dikta og forteljingane er moralske, morosame, triste og groteske, og alt er frodig illustrert av Janosch sjølv. Ei herleg bok som kan vekkje til ettertanke, både for små og store.

Dyreliv kom på norsk i 1983, og er omsett av Halldis Moren Vesaas.