BioShock (PS3)

av Arild Ness sist endret 2016-12-22T19:27:20+02:00
I BioShock introduserast du for eit omfattande fantasirike der grafikk, musikk og generell spelbarheit befinn seg i den absolutte toppklasse.

BioShock

2K Games, 2008

Utgjevar Irrational Games kom i 2007 ut med det svært omtalte spelet BioShock. Spelet reknast som ein spirituell oppfyljar til den populære ”System Shock”-serien. Samansmeltinga av første-persons skytespel, rollespel og ein god dose samfunnskritikk gjorde sitt til at spelet enda opp som ein stor suksess.

I BioShock spelar du karakteren Jack, den einaste overlevande etter ein flystyrt over Atlanterhavet. Jack oppdagar inngangen til den undersjøiske byen Rapture, eit utopisk eksperiment av eit samfunn som har gått feil. Fryktelig feil. Den skumle byen kan vekke til live alle tenkelege mareritt og det lønner seg ikkje å vere skvetten.

Her står du ovanfor store moralske dilemma som bestemmer retninga spelinga vil ta. Du kan manipulere objekt og våpen, hacke deg gjennom mini-spel i spelet, og sjølv velje om du vil utforske heile eller delar av byen. Og sjølvsagt er det også ein del skumle skapningar og uvesen som må takast hand om...

Trailer