DJ Hero

av Sverre Helge Bolstad sist endret 2016-12-22T19:27:21+02:00
DJ Hero er oppfølgjaren til musikkspelet Guitar Hero og Band Hero, men denne gangen er det med platespelar og turntabelism ein skal få golvet til å gynge.

DJ Hero

Activision, 2009

DJ Hero er basert på turntabelism (kunsten å bruke platespiller og mixer til å lage lydar, rytme og musikk) og FreeStyleGames har laga ein solid platespelar som ein bruker som kontroller i spelet. Spelet lar deg mikse 94 forskjellige remixer av to songar som ein vel mellom over hundre songar i ulike sjangre. Som i Guitar Hero må ein spele gjennom og meistre enklare songer for å få tilgang til dei meir avanserte songane.

Kjensla av å mikse på DJ Hero er milevis frå å mikse på ekte platespelarar, og det er ikkje eit DJ-simuleringsspill. Spelet er lett å komme igang med og er ein moro og ny måte å oppleve og kontrollere musikk på, om enn det skorter litt på realnessen. Kontrollaren(platespelaren) har ein dreibar skive med tre knapper som ein trykker på og kombinerer med å “scratche”. I tillegg har den ein crossfader(mixar som ein velger lydkilde med) og ein knott til å skru på når ein kjem inn i visse modus i spelet. Spelet fungerer, som Guitar Hero, ved at du skal treffe musikalske rytmar ved å trykke på knappane, og i tilleg må du kombinere dette med å bruke crossfaderen og spinne på skiva. Det er og mulig å kople til gitaren frå Guitar Hero slik at ein kan spille på platespelarane og ein annan på gitar.

Videografikken i spelet tek oss med på ein reise inn i diverse nattklubbar og gjennom turntabelelismens historie. Musikken ein kan mikse i spelet er eit godt utval av songer i ulike sjangre, men det kunne nok vert litt fleire turntabelism-spesifikk spor. Slik det er no vender spelet seg til eit breitt publikum med alt frå (ulike musikk). Fleire DJar og artistar ( blandt andre DJ Shadow, Z-Trip, DJ AM, Cut Chemist, J.Period, Grandmaster Flash, DJ Jazzy Jeff, Daft Punk, and Eminem.) har bidratt til utviklingen av DJ Hero og du finn nokon av dei igjen som avatarar i spelet.

DJ Hero kan spelast på spelkvelden kvar torsdag på Hovedbiblioteket. PEGI

Trailer