Fuel (PS3)

av Arild Ness sist endret 2016-12-22T19:27:19+02:00
Fuel er eit racingspel med enorme landskap å boltre seg i. Og med enorme, då meinar vi ENORME.

Fuel

Codemasters, 2009

Fuel transporterer deg inn i ei post-apokalyptisk verd øydelagt av global oppvarming, ei verd der tornadoar, snø- og sandstormar, tsunamier og det som verre er har blitt normalen. Drivstoff er det knapt med og bensin blir rekna som den viktigaste valutaen. Du er sjåføren som må køyre både ørken og snødekt vinterlandskap rundt å skaffe deg litt av denne knappe ressursen.

Spelverda i Fuel er mildt sagt gigantisk. I fylje Guinness Rekordbok er det til og med verdas ”største” spel med rundt omkring 14.400 kvadratkilometer spelflate. Du står fritt til å utforske den enorme verda slik du sjølv ønskjer det gjennom frie løp, men du kan også kan prøve deg på meir avgrensa kappløp. I tillegg til vanlege ”først-i-mål” løp tilbyr Fuel også eit sett med utfordringar av varierande sort. Du kan for eksempel ligge i halen på eit helikopter, eller jakte ned andre kjøretøy som du må sette ut av spel innanfor ei gitt tidsfrist. Køyredoningane du disponerar varierar blant anna mellom framtidsbilar, monstertruckar, motorsyklar og firhjulingar.

Anten du berre vil cruise rundt og oppleve det valdsame omfanget av den verda utviklarane i Codemasters har skapt, eller er i ublidt konkurransehumør og despo etter eit race, kan Fuel tilby noko for einkvar smak.

PEGI 7

Spillere: Singel, Multi

 

Kjelde:

Trailer