Lego Batman (PS3)

av Arild Ness sist endret 2016-12-22T19:27:20+02:00
Flaggermushelten møter både gamle venner og fiendar i dette underhaldande Lego-spelet.

Lego Batman

Warner Bros. Interactive Entertainmen, 2008

Superhelten frå Gotham City er på jakt etter rømlingar frå mentalasylet Arkham. Saman med sin partner Robin må Batman gjere alt i si makt for å oppretthalde lov og orden.

Plottet i spelet er ikkje direkte henta frå filmane eller teikneseriane om flaggermushelten, men kjente skurkefjes som Jokeren og The Riddle er så klart med. Du ferdast rundt i Gotham-universet medan du knekk fram løysinga på små gåter, overvinn fiendar og samlar inn legorundingar. Spelet er forsynt med ein mengde brett der du vekslar mellom å styre ei rekkje ulike karakterar, inkludert både skurkar og heltar.

Lego-serien til Traveller's Tales har blitt svært populære familiespel, og i tillegg til Batman har også Indiana Jones (sjå omtale) og Star Wars kome ut i morosame Lego-versjonar.

PEGI 7



Trailer