Little Big Planet (PS3)

av Arild Ness sist endret 2016-12-22T18:27:19+01:00
Ein sjarmerande liten tøyfigur treng hjelp til å klare seg i ei verd som verkar så altfor stor. Vil du gi Sackboy ei hjelpande hånd?
Media Molecule

Little Big Planet

Sony Computer Entertainment, 2008

LittleBigPlanet er eit plattformspel for PlayStation 3 utvikla av Media Molecule og utgitt av Sony Computer Entertainment Europe. I LittleBigPlanet skal du manøvrere ein liten tøyfigur som heiter Sackboy (eller Sackgirl om du vil), trygt omkring på ulike plattformbaner.

Utfordringar møter ein mange av og hovudpersonen må springe og sprette viltert rundt, samt ta i bruk eller endre på møtande objekt for å komme seg sikkert gjennom ulike nivå. Det er også fullt mulig å endre på denne tøyfiguren. Anten du vil pynte den opp i nye klær, eller tulle med den slik at humøret går opp eller ned, er det opp til deg korleis du vil at din nye spelkarakter skal vere.

Sjølv om speluniverset langt frå kan omtalast som realistisk, har utviklaren likevel latt seg inspirere av verklege omgjevnadar, til dømes frå japanske hagar, knusktørr meksikansk ørken, gatelivet i New York og iskalde russiske landskap.

LittleBigPlanet har blitt møtt med overveldande kritikk frå spelanmeldarar som har latt seg underhalde av blant anna grafikken, fysikken og lyden i spelet, i tillegg til å framheve den gode spelopplevinga og mogleiken for brukargenerert innhald. Den som spelar har nemleg sjølv sjansen til å utforme ”universet” etter eige behov, ved å manipulere eit allereie eksisterande nivå eller gjennom å bygge sine heilt eigne objekt eller level. Når desse er ferdig utbygd kan dei seinare publiserast for onlinespeling og i prinsippet vere tilgjengeleg for alle i det store LittleBigPlanet-nettverket.

PEGI 7



Trailer