Need For Speed - Shift (PS3)

av Arild Ness sist endret 2016-12-22T18:27:19+01:00
Nok eit heftig racingspel i Need For Speed-serien

Need For Speed

Electronic Arts, 2009

Need for Speed er ein av dei store høvdingane innanfor racingsjangeren og totalt har det kome ut heile 13 utgåver av det populære bilspelet. Shift er utvikla av folka i Slightly Mad Studios, tidlegare kjent for titlar som GTR2 og GT Legends, og gjev oss den hittil mest realistiske køyreopplevinga i Need for Speed-serien.

Det går heidundrandes kjapt unna. Spelet let deg svi asfalt og brenne hestekrefter på totalt 19 ulike baner frå USA til Tyskland. Alt skjer i eit tempo du vel knapt har sett maken til. Sjølv om det kan ta litt tid å bli ein habil kjørar får du ei svært så heftig oppleving når du først meistrar styresystemet.

Mykje takka vere kameravinkelen frå førarsetet, den velutvikla grafikken og det at bilane «faktisk» responderar til dine bevegelsar,har gjort at realismen i køyringa har blitt utvikla fleire hakk sidan sist. Og uansett om du kjenner deg som ein ekspert eller amatør på bilspel vil nivået justere seg i takt med dine synte kvalitetar.

Så då gjenstår det kun å sette klampen i bånn og nyte det som har blitt ein heftig tempofest.

PEGI 7


Trailer