Pro Evolution Soccer (PS3)

av Arild Ness sist endret 2016-12-22T19:27:19+02:00
Ta på deg drakta til ditt favorittlag og led heltane fram mot nye trofé.

Pro Evolution Soccer

Konami, 2010

Med fotballserien Pro Evolution Soccer har japanske Konami over fleire sesongar vore ein seriøs utfordrar til Electronic Arts sin FIFA-suksess. Kva spel som har fungert best skal derimot vere usagt, men fotballelskarar verda over kan uansett glede seg over å få hendene i to svært spelbare utgåver av verdas finaste sport.

Om du føretrekk å spele kjappe kamper, prøve deg på ”Be A Legend”-modusen, eller jakte på heider og ære i den gjævaste av alle cupar, Champions League, er opp til deg. PES har i alle fall lagt til rette for ei forbetra online-oppleving, større spel-realisme og fleire funksjonar og mogleikar. Med nye taktikkmønster, finter og triks rettar PES fokus på det viktige, nemleg det som skjer på banen.

Lionel Messi og Fernando Torres er stjernene på coveret denne gongen og sjølvsagt kan det vere lurt å ha desse med på laget. Men dette styrer du heilt sjølv.

Så sett saman ditt eige stjernelag og duk deg for ei sportsleg runde på den grøne grasmatta.

PEGI 3

 

 

Trailer