Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Språktreff og brubygging i Kvam

Eit par unge, minoritetspråklege menn kontakta Grannehjelpa og etterlyste språktrening. Omtrent samstundes kontakta biblioteket Grannehjelpa og etterlyste frivillige hjelparar til språkkafe.

Slik starta språktreffa som er kvar tysdag i 1,5 time.  Ein frå ressursgruppa har ansvar kvar gong og vel ofte tema sjølv.  Biblioteket lagar klart materiale til kvelden og kaffi, te, kjeks vert servert.

Konkretar, ord, spørsmål og bilete nyttast i språktreffene, men første kvarter er mingletid.  Så er det ein felles oppstart i sirkel og presentasjon.

Det har vore mellom 15 og 25 på kvart språktreff.

Siste samling før sommarferien var utflukt!

Båtbyggar og forfattar Peter Helland-Hansen (som er med i ressursgruppa) inviterte alle i Språktreffet til Hardanger Fartøyvernsenter.  

"Der var det omvising og mykje snakking på norsk. Silje hadde bakt kake og tatt med. Det var i Ramadan, men me har mange ulike nasjonalitetar og kulturar representert, så me ville å ha servering uansett. Alt vart spist opp."