Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Per Vold sist endret 2016-12-05T09:49:18+00:00
Fædrelandsvennen 5. mars 2013: "Marianne Clementine er rett og slett kul!". Vi har tatt en prat med den unge og lovende poeten.
Hei, hvem er du, og hva gjør du?

Eg heiter Marianne Clementine Håheim, studerer til tekstforfattar ved Westerdals School of Communication i Oslo og debuterte med diktsamlinga Bilydar på Forlaget Oktober i fjor haust. Eg har skrive så lenge eg kan hugse, for det meste dikt, og alltid vore ein lesehest av dimensjonar. Før eg begynte på Westerdals, gjekk eg eit år på Åsane folkehøgskule si skrivekunstlinje og tok sidan bachelor i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.


Hva inspirerer deg?

Skriving, litteratur og musikk rockar verda mi. Ofte er eg nøydd til å skrive for å få kjensler ut av systemet eller bearbeide hendingar. Skriving som terapi er kanskje ein klisjé, men har uansett virka for meg heile livet. Eg blir først og fremst inspirert av menneske, både mine næraste og dei eg knapt kjenner. Ein blir aldri klok på nokon av dei.

 

                                                                      berre så du veit det:

                                                                      dersom hjartet ditt var eit rom    

                                                                      skulle eg gått inn med sko på

                                                                      markert på det flett nye golvteppet

                                                                      og knust noko fint 

                                                                                     - fra diktsamlingen Bilydar

 

 

Hvem inspirerer deg?

Eitt av førebileta mine er Håkan Hellström, som skriv umiddelbare, personlege og dønn ærlege songtekstar. Det er enkelt, men likevel breiddfullt av meining. Akkurat slik er det eg sjølv vil skrive. Eit anna førebilete er Märta Tikkanen, som har skrive ei av favorittbøkene mine: Århundrets kjærlighetssaga. Ho skriv rett fram, tilgjengeleg og kraftfullt. Andre store favorittar er Chuck Palahniuk, Charles Bukowski, Hunter S. Thompson, Sofi Oksanen og Jonathan Safran Foer. Felles for alle desse er ein unik råskap, fantasi og eit språk som slår gnistar. Dessutan elskar eg Antony Hegarty.

Ofte opplever eg at eg har to språk: kvardagsspråket og det lyriske språket. Somme tider skulle eg ønske at eg kunne kommunisere med det lyriske språket i kvardagen, men det ville nok skremt dei fleste langt vekk. Difor blir det ekstra viktig å skrive. Eg må uttrykkje meg på begge måtar for å få sagt alt eg treng å seie.

Har du hørt om Demoteket? Og har du noen tips til kreative mennesker som vil nå ut?

Eg var så heldig å få jobbe på Bergen Offentlige Bibliotek då eg studerte i Bergen, og det er til dags dato den beste arbeidsplassen eg har hatt. Søk jobb der, folkens! Og send inn bidrag til Demoteket! Demoteket er ein enkel måte å nå ut med verka sine på, det vere seg dikt, film eller teikneserie. Gjer deg synleg, vis fram det du er stolt av, få respons på det du har laga! Jobb mykje. Sjå rundt deg. Bli inspirert av andre. Drit i reglane. Lag det du har lyst til å lage. Ha det kult.

                                                                                   

Lik Demoteket på Facebook!