Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Middelalder, overtru og hekser

by Anne Stefi Teigland last modified 2016-09-30T10:32:26+00:00
Aina Basso børstar støv av fortida, tek oss i handa og fører oss inn i ukjend land. Vi skal 400 år tilbake i tid, til Finnmark, og til den første av fleire omfattande trolldomsprosessar der.
Aina Basso

Inn i elden

Samlaget, 2012
978-82-521-8041-1
barn

Vi startar i København. Her møter vi Dorothe, ei rik ungjente som spring i vått gras, heng etter armane i greinene på frukttrea i hagen og drøymer at når ho ein dag skal stå brud, så skal ho ha epleblomster i håret.

Deretter flyttar Basso oss til Vardø i Finnmark. Her gir ho stemme til Elen, einaste dotter og eldst i ein stor barneflokk. Elen og brørne veks alle opp utan ferdre. Mora, på folkemunne kalla Kloke-Marja, tek imot både kvinner og menn - og yter ulike tenester alt etter behov. Og Elen drøymer ikkje, slik Dorothe i København gjer, om ein mann, men om gryter med kjøt og kaker med krem.

Basso lar dei to jentene fortelje, frå kvar sin verkelegheit. Elen bur tett på naturen. Ho har ei mor som kan stogge blod ved hjelp av ord, og som ser ting andre ikkje kan sjå. Elen ser opp til mora og kunnskapen hennar, og ho får lære av henne. Når Dorothe på si side giftar seg, er det utan epleblomster i håret, med ein mann ho ikkje kjenner og som i alder kunne vore far hennar. Som nygift dreg Dorothe til Finnmark, og til Vardøya. Her ventar eit nytt liv henne, som husfru til futen, lensherre Hans Kønings høgre hand. Og litt etter litt hamnar Elen og Dorothe på kvar si side i ei grufull heksejakt.

I middelalderen var det fleire rettsaker i Europa der folk, både menn og kvinner, blei tiltala og dømd for trolldom. Ofte var éi tiltale byrjinga på fleire liknande saker. Og etter omfattande rundar med tortur, tilsto dei fleste.

Denne boka inneheld dryss av vitnesbyrd frå rettsaker i Finnmark, satt i kursiv og plassert innimellom Dorothes og Elens forteljingar. Og Hans Køning var lensherre i Vardøhus i perioden 1619 til 1651 - i hans virke blei det satt i verk heile femti trolldomsprosessar.

Å knytte forteljinga tett opp til historiske hendingar, gir boka noko ekstra. Likevel, den dirrande nerven ligg i stemmene til dei to hovudpersonane. Du finn den i orda Basso vel å bruke, og i vekslinga mellom kven som fortel og kva dei fortel. Slik er ikkje dette berre ei forteljing om ei dramatisk og opprivande fortid, det er også ei innsiktsfull skildring av kva det vil seie å vere menneske.