av Charlotte Myrbråten sist endret 2022-08-23T10:53:22+02:00
«Åsmund Fregdegjevar», ein folkemusikalsk forteljarkonsert tilpassa bibliotek, museum og kunstlokale. Den handlar om mellomalderballaden og er både eit innblikk i vår tidlege kultur med røtar heilt tilbake til norrøn tid, ei spennande eventyraktig forteljing.
  • Ein forteljarkonsert om heltar og skurkar frå norrøn tid
  • 2022-10-27T18:00:00+02:00
  • 2022-10-27T19:00:00+02:00
  • «Åsmund Fregdegjevar», ein folkemusikalsk forteljarkonsert tilpassa bibliotek, museum og kunstlokale. Den handlar om mellomalderballaden og er både eit innblikk i vår tidlege kultur med røtar heilt tilbake til norrøn tid, ei spennande eventyraktig forteljing.
Torsdag 27. oktober 18:00
Hovedbiblioteket, Vårt Vestland

Kontakt

95139006

Aasmund Fregdegjeva («den som gir mot») er ei av desse historiane. Mellomalderballaden har trekk heilt tilbake til norrøn mytologi, og er skrive ned i heile 63 vers. Der folkesongarar flest kuttar historia ned til ein brøkdel for å få songen inn i ein vanleg konsertsetting, har Ingebjørg Lognvik Reinholdt lyst å fortelje deg heile den dramatiske historia med alle sine karakterar, magi og tvistar.

Ingebjørg Lognvik Reinholdt blandar forteljarkunst og kvedarkunst i denne soloforestillinga, der ho tek deg med inn i ei anna tid, med helten som seglar over havet for å redde jomfrua og kjempe mot gygrer og all slags magiske skapningar. 

Forteljinga blir fortald syngjande. Levande bilete i bakgrunnen er med å skape stemning. Du får vere med på Aasmund si reise ut på havet, inn i Trollebotn, møtet med den fryktelige Skomegygri og korleis det heile går. Forteljinga er ramma inn av musikalske tema henta frå den herlige tradisjonsmusikken vår. 

Du får også eit program med ei lita innføring i mellomalderballaden, som du kan ta med deg heim. 

Forestillinga er støtta av: Norsk Kulturfond, FFUK, Creos Vederlagsfond

Ingebjørg Lognvik Reinholdt er ein allsidig kvedar kjent for si varme stemme og utprega stilkjensle, sin rike kunnskap om tradisjonen og kulturhistoria vår, og si forteljarevne. Ho har laga forestillinga «Guro Heddelid» for Riksscenen, turnert for store og små med vokalduoen Fivil, og vore utøvande kvedar sidan 9-årsalderen.

Bergen Offentlige  Bibliotek

Ein forteljarkonsert om heltar og skurkar frå norrøn tid

Ein forteljarkonsert om heltar og skurkar frå norrøn tid

«Åsmund Fregdegjevar», ein folkemusikalsk forteljarkonsert tilpassa bibliotek, museum og kunstlokale. Den handlar om mellomalderballaden og er både eit innblikk i vår tidlege kultur med røtar heilt tilbake til norrøn tid, ei spennande eventyraktig forteljing.

  • Torsdag 27. oktober
  • 18:00 - 19:00
  • Hovedbiblioteket, Vårt Vestland
  • GRATIS