Hopp til hovedinnhold
av EON sist endret 2024-08-19T11:45:41+02:00
I 2024 feirar vi 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov. I 1274 samla kong Magnus VI for første gong heile det norske kongeriket under éi lov. Den nye Landslova var eit banebrytande politisk og juridisk arbeid, og etter at han døydde, fekk Magnus tilnamnet Lagabøte – «lovforbetraren». Foredrag ved jusprofessor og rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde.
  • Magnus Lagabøtes landslov ved Jørn Øyrehagen Sunde
  • 2024-09-12T18:00:00+02:00
  • 2024-09-12T19:00:00+02:00
  • I 2024 feirar vi 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov. I 1274 samla kong Magnus VI for første gong heile det norske kongeriket under éi lov. Den nye Landslova var eit banebrytande politisk og juridisk arbeid, og etter at han døydde, fekk Magnus tilnamnet Lagabøte – «lovforbetraren». Foredrag ved jusprofessor og rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde.
Torsdag 12. september 18:00
Hovedbiblioteket, Auditoriet

Magnus Lagabøtes landslov står igjen som eit av dei aller viktigaste dokumenta vi har frå Noreg i mellomalderen. Lova gjaldt i over 400 år, og i denne lova ligg spirene til den norske rettsstaten og ideen om folkeleg medråderett, som er ein føresetnad for demokratiet vårt.

Jørn Øyrehagen Sunde har halde nesten 800 føredrag utanfor akademia, vore med å laga fire historiske utstillingar, delteke i radio- og tv-program, og skrive ei rad kronikkar og lesarinnlegg. Sunde har tre gonger fått undervisningsprisen ved Juridisk fakultet i Bergen, og fekk i 2012 Meltzer-prisen for framifrå formidling. I 2020 held han Aarebrot-førelesinga om kommunikasjonsteknologi og rettsstat i rettshistoria, og i 2023 fekk han Sarton-medaljen av universitetet i Gent for framifrå rettshistorisk forsking. 

Arrangementet er ein del av Vestland si feiring av landslovjubileet: Landslovjubileet - Vestland fylkeskommune.

Landslovjubileet i Vestland er eit samarbeid mellomVestland fylkeskommune, Bergen kommune, Universitet i Bergen, Bymuseet, Statsforvaltaren i Vestland, Den norske kyrkja, Høgskolen på Vestlandet og 1000-årsjubiléet til Moster.

Bergen Offentlige  Bibliotek

Magnus Lagabøtes landslov ved Jørn Øyrehagen Sunde

Magnus Lagabøtes landslov ved Jørn Øyrehagen Sunde

I 2024 feirar vi 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov. I 1274 samla kong Magnus VI for første gong heile det norske kongeriket under éi lov. Den nye Landslova var eit banebrytande politisk og juridisk arbeid, og etter at han døydde, fekk Magnus tilnamnet Lagabøte – «lovforbetraren». Foredrag ved jusprofessor og rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde.

  • Torsdag 12. september
  • 18:00 - 19:00
  • Hovedbiblioteket, Auditoriet
  • GRATIS