Barn & bøker - podkast om barnelitteratur
Les for meg
Ny episode våren 2025.
Kor tidlig bør du begynne å lese for barna? Korleis les ein eigentleg for dei som enno ikkje meistrar språket? Bergen Offentlige Bibliotek har fleire litteraturtilbod for dei aller minste. I denne podkasten får du vite meir om dei, i tillegg til å få gode tips om kvifor og ikkje minst korleis du kan gå fram for å vekke leseglede og interesse for bøker allereie i babytida.
Leselyststrategien
Barn & Bøker ser nærare på regjeringa sin nye leselyststrategi «Sammen for lesing», i tre episodar hausten 2024.
Mange barn er ikkje inkludert i den nye leselyststrategien. Det seier Veronica Salinas ved Norsk Barnebokinstitutt. Leselyststrategien er dessutan prega av lite lyst og mykje plikt, ifølge fagfolka vi har prata med. I denne første podkasten av ein serie på tre der Barn & bøker fokuserer på nettopp regjeringa sin nye leselyststrategi, inviterte vi Veronica Salinas til studio med Elisabeth Skråmestø Wyller, formidlar for barn ved Bergen Offentlige Bibliotek. Saman bad vi dei hjelpe oss å forstå meir av innhaldet i strategien.
Nyttar det å mase på barn om å lese meir dersom vaksne ikkje gjer det sjølv? Det spør Barn & Bøker i denne siste podkasten i serien om regjeringa sin nye leselyststrategi. I strategien er nemleg ikkje dei vaksne inkludert, men det burde dei, meiner Kari Spjeldnæs, som forskar på lesing og digitalisering. Vi inviterte Spjeldnæs til studio for å prate med Barn & Bøkers barnepanel om at vaksne òg les mindre, men at det likevel berre er fokus på barn og lesing når politikarne skal lage ein plan mot lesekrisa.
Skulebibliotek fast inn på timeplanen for alle er nøkkelen for å skape leselyst og få barn og unge til å lese meir. Det meiner Elisabeth Jensen Lombnæs, skulebibliotekar ved Gamlebyen Skole i Oslo og tidlegare vinnar av Årets bibliotek. Ho reagerer på at regjeringa ikkje har gjort noko for å sikra eit meir rettferdig tilbod i den nye leselyststrategien sin, der dei lovar å satse på nettopp skulebibliotek. I dag er det nemleg store skilnader frå skule til skule, og mange har verken bibliotekar eller bibliotek.
Sjanger og leselyst
Våren 2024 produserer kulturjournalist Brit Aksnes tre episodar for Barn & bøker om sjanger og leselyst. Den fyrste episoden handlar om krim, ein sjanger som mange barn sluker fleire hyllemeter av når dei er i barneskulealder. For å få svar på korfor krim appellerer til så mange barn har ho intervjua vårt faste barnepanel og kongen av krim, Jørn Lier Horst. Du finn episodane i Barn & bøker si speleliste.
Barn & bøker speleliste
Om Barn og bøker
Saknar du gode lesetips for akkurat den aldersgruppa ditt barn er i no? Eller treng du berre nye idear til kva som kan auke podens leselyst? Barn & bøker er bibliotekets podkast for og om barnebøker, der tilsette ved barneavdelinga deler av sin rikhaldige kunnskap om barnelitteratur og det som rører seg i feltet akkurat no.
Det blir diskusjon om aktuelle tema og bøker, og ikkje minst, fast anbefalingsspalte der du får våre beste tips om gode bøker for alle aldersgrupper.
Om programleiaren
Eli Fossdal Vaage er ny som formidlar av barnelitteratur, men har lang fartstid med å lage radio og er dessutan relativt erfaren som småbarnsforelder. I Barn & bøker er målet hennar å dele barnebibliotekarane sin ekspertise med flest mulig foreldre på jakt etter kvalitetssikra lesestoff for barn i alle aldrar.