Lesefrø er godt implementert i personalgruppa. Det kan ein sjå gjennom kor mykje vi les, særleg at vi les meir i kvardagssituasjonar som til dømes i uteleik, under måltid og på tur. Vi er også heldige i vår barnehage som har eit eige bibliotek der barna får velje fritt blant alle bøkene våre.
Vi har etablert eit Lesefrø-bibliotek i grovgarderoben. Der høyrer vi ofte barn som seier «mamma eg vil låne denne boka» og peiker på boka dei vil låne. Foreldra er positive og nyttar biblioteket hyppig. Barna fortel at dei har lånt bøker med seg heim, som er stas.
Prosjektleiar og Lesefrø – ambassadørane har levert rapport til biblioteket annakvar månad. Personalet har blitt oppfordra til å skrive praksisforteljingar frå ulike lesestunder. Saman med barnehagen sitt årstema «språkbad» har Lesefrø vorte ein naturleg del av årsplanen, månadsplan og vekeplan, samt vekeslutt som blir sendt til foreldra.
Biblioteket har lånt oss bøker på alle morsmål vi har i barnehagen. Vi har eit stort språkleg mangfald og er glade for at det er mogeleg å låne bøker på alle språk.
Vaksne og barn i Solheimslien barnehage sit att med meir leselyst og leseglede. Dette har vore eit positivt prosjekt for barna sin språkutvikling. Vi ynskjer å takka for samarbeidet med biblioteket og gler oss til å forsetje det gode arbeidet som Lesefrø-sertifisert barnehage.
Helsing alle i Solheimslien barnehage!