Hopp til hovedinnhold

Amuletten

av Elisabeth Skråmestø Wyller sist endret 2023-03-24T12:48:52+01:00
Ein serie med grafiske romanar for unge lesarar i alle aldrar
Kazu Kibuishi

Amuletten

Fontini, 2015
978-82-93346-18-0
barn

Emily og Navin vil ikkje flytte til det gamle huset etter oldefaren. Det må dei, for mor deira har ikkje lenger råd til at dei kan fortsette å bu i det fine huset dei vaks opp i. Oldefarens hus ber preg av å ha stått tomt. Då den vesle familien går i gong med reingjeringa, finn Emily ein amulett som skjuler ein løyndom. Denne leier dei inn i eit parallellunivers, ei verd full av fantastiske og fryktelege ting.

Omslaget på den første boka reklamerer med spenningsgaranti. Det stemmer bra, men her er det fleire lag. Illustrasjonane bidreg til at ein får innsikt i ting som teksten ikkje ville klart å formidle. Den dramatiske prologen formidlar for eksempel sterke følelsar med svært få ord.

Så langt har vi fått inn dei tre første bøkene på engelsk i tillegg til dei to som så langt har kome på norsk. Her venter vi i alle fall spent på fortsettinga.