Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Armstrong: en eventyrlig reise til månen

by Trine Dale last modified 2017-08-31T07:37:42+00:00
Torben Kuhlmann

Armstrong: en eventyrlig reise til månen

Fortellerforl., 2017

Tenk deg at den første på månen ikkje var Neil Armstrong, men ei mus med namn Armstrong. Den nysgjerrige og modige musa studerer månen nøye i teleskop. Medan resten av musene er overbevist om at månen er ein ost, veit Armstrong betre. Han bestemmer seg for å bli den aller første musa på månen! Han les og studerer, teiknar og planlegg, testar og feilar. Det går ikkje knirkefritt, men musa gir ikkje opp så lett.

Dette er ei vakker bok med illustrasjonar så detaljrike og vidunderlege at orda nesten blir overflødige. Denne forteljinga er for alle som er nysgjerrige og eventyrlystne, uansett alder. Viss du i tillegg er interessert i romfart, står det litt ekstra om mellom anna hunden Laika og Neil Armstrong heilt til slutt.