Hopp til hovedinnhold

Den eventyrlege historia om Sally Jones

av Trine Dale sist endret 2023-03-24T13:40:40+02:00
Jakob Wegelius

Morderens ape

Cappelen Damm, 2016
978-82-02-51433-4
barn

Den svenske forfattaren og illustratøren Jakob Wegelius har skrive to elskverdige bøker om den unike gorillaen Sally, ein gorilla som kan lese, skrive, reparere motorar og slå menneske i sjakk.

Legenden om Sally Jones (2008) og Morderens ape (2016) har begge vunne den svenske Augustprisen. Morderens ape vann attpåtil Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris for 2015, og det er vel fortent.

Legenden om Sally Jones er ei kort og rikt illustrert forteljing full av dramatikk og skurkar i mystiske byar. Allereie i denne boka blir den smarte apa eit offer for alt det underlege menneske vil bruke henne til, anten det er å stele verdifulle smykke for Frau Schultz, eller å vere ein attraksjon på det omreisande sirkuset til den magiske Silvio. I denne røvarhistoria får lesaren bli med på ei reise over store hav- og landområde. Boka er vakkert illustrert, og Wegelius har ein teiknestil som gir boka eit tidlaust preg. 

Morderens ape kom ut på norsk i år, og takk og lov for det! Det er ein frittståande oppfølgar av Legenden om Sally Jones. I førre bok blei historia om Sally fortalt som ei legende, denne gongen er forteljinga skriven av Sally sjølv, på ei Underwood nr. 5 skrivemaskin. Ho vil skrive sanninga om drapet på Alphonse Morro.

Boka opnar med eit illustrert og rikt persongalleri, sider som det er kjekt å kunne bla tilbake til. Forteljinga startar på det opne hav, ombord på skuta Hudson Queen saman med kapteinen, den finske “chiefen” Henry Koskela: “Mange tror nok at det er Chiefen som eier meg nå. Men Chiefen er ikke en sånn som vil eie andre. Han og jeg er kompanjonger. Og venner.” Dei legg til hamn i Lisboa, men det går ikkje lang tid før det oppstår ulukke på deira veg. Chiefen blir skulda for mord og hamnar i fengsel, medan Sally gøymer seg på hustak for å unngå sinte portugisarar som kallar ho for “morderens ape”. 

Sally bestemmer seg for å gjere det ho kan for å reinvaske Chiefen. Ho vil reise sjøvegen til India og tilbake for å bevise kva som eigentleg skjedde den natta Morro vart drepen. I Morderens ape er Sally meir handlingsretta og ei aktiv drivkraft for historia enn i Legenden om Sally Jones. Wegelius har gitt seg sjølv god boltringsplass, og boka er på over 500 sider, men ikkje ei side er overflødig. Historia er full av interessante karakterar, og eg ville gjerne ha lese ei bok om kvar av dei: Den vakre fadosangerinna Ana Molina, instrumentmakaren Luigi Fidardo, ein overtruisk kirketenar, captain Anderson, ein illojal skipsmann og den eksentriske og bortskjemte maharajaen av Bhapur, for å nemne nokon.

Morderens ape er som skapt for høgtlesing. Det er ein roman som vil appellere bredt - også til eit vakse publikum. Som høgtlesingsbok passar den frå 9 år og oppover, medan Legenden om Sally Jones kan passe for eit endå yngre publikum. Det er ei eventyrleg og filmatisk forteljing, og boka rommar mange essensielle spørsmål om lojalitet og rettferd. Kvart kapittel opnar med ei stemningsskapande teikning. Wegelius har ein nydeleg og detaljrik strek, og desse illustrasjonane bidreg til å løfte leseopplevinga ytterlegare. Eg unner alle å bli kjend med Sally Jones, ein lojal gorilla som det er veldig lett å bli glad i.