Hopp til hovedinnhold

Dette var pakten vår

av Trine Dale sist endret 2021-01-05T09:30:42+01:00
For alle som kjenner til tv-serien Stranger things, er det lett å dra ei direkte kopling når ein ser motivet på framsida av Dette var pakten vår. Gutar syklande på kveldstid, i eit mystisk landskap, på søken etter svar.
Ryan Andrews

Dette var pakten vår

Gyldendal forlag, 2019
barn

Kvart år ved haustjamdøgn slepp alle innbyggarar papirlykter nedover elva, og det blir sagt at lyktene vil stige opp og bli til stjerner. Dette året har Ben og vennane hans bestemt seg for å finne svaret på kva som eigentleg skjer, dei skal følge lyktene heile vegen til enden av elva. Det er berre ein regel som gjeld: Ingen får snu og vende tilbake. Men ein etter ein bryt dei pakta, og til slutt er det berre Ben og Nathaniel igjen. Saman reiser dei to lenger enn nokon har gjort før dei. På vegen møter dei ein hyggeleg og betrevitande bjørn med skjulte talent, og ei underleg dame som kan mange heksekunstar.

Det er lett å drøyme seg vekk i Dette var pakten vår, i det blå universet Ryan Andrews målar fram i dei detaljrike og vakre illustrasjonane. Denne teikneserien skil seg ut; den er rar, klok, underhaldande, vakker og magisk – alt saman i ei og same gryte.