Hopp til hovedinnhold

Eg er eg er eg er - ei diktsamling for barn

av Trine Dale sist endret 2023-03-24T12:39:08+01:00
Lillegraven, Ruth

Eg er eg er eg er : dikt for barn

Samlaget, 2016, Norge
barn

Ruth Lillegraven og Mari Kanstad Johnsen står bak Eg er eg er eg er, ei diktsamling for barn som var nominert til Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok i 2016. Dikta er fulle av energien og kjenslene til barn.

Språket til Lillegraven er ekte, nært og direkte, anten dikta skildrar sjalusi, forelsking eller frustrasjonen over foreldremas. Mange av dikta er knytt til identitet, og handlar om det vidunderlege og sårbare ved å vekse opp, ei tid romma av forventning og forandring. Bilda på naturen er mange, og årstidene delar diktsamlinga naturleg inn i syklusar. Eg-personen, ei jente med “villjentehjarte”, følger endringane i årstidene og glir nærast i eitt med naturen.

 Illustrasjonane til Kanstad Johnsen tar utgangspunkt i fire dikt. Dei brettar seg utover eit dobbeltoppslag, eit for kvar årstid, og skapar ei naturleg inndeling i diktsamlinga. Dei stiliserte illustrasjonane er nydelege, og dei sterke fargane og rørslene i motiva gjer dikta endå meir sanselege. Sommaren er full av lange og svale dagar, fridom og forelsking ligg i lufta:

 

Sommarsval

den beste tida

 

stupesvabergsommar

sommarfuglsussommar

syklesvinsesvansesommar

 

dirredampedagar

dusdisdoggdagar

dudududagar

 

Villvinteren er ikkje som mamma og pappa kan minnast, stjernestøvet er for lengst borte og formidlar alvoret i klimaendringane. Vinteren fører også med seg eit eksistensielt mørke, og fleire av dikta handlar om tapet og saknet av ein bestefar.

Dette er barnelyrikk av høg kvalitet, og det ekte og ville finst i dikta og det finst i barnet, i alt ein er og alt ein vil. Gjennom alle dikta er eg-personen til stades med heile seg og med alle hennar kjensler. Ho er i verden, sansar og erfarer, opplever og føler, ønsker og vil.