Hopp til hovedinnhold

Epleslang

av Ingrid Ytre-Arne sist endret 2019-07-30T14:03:20+02:00
Vegard Markhus

Epleslang

Samlaget, 2015, Norge
barn

Det er ikkje lett å vere skuleflink elev når læraren er mest glad i bråk og tull!

Rine og Ravi vil gjerne lære nye ting på skulen, men Lærar-Knut synest det er kjedeleg. Han vil heller ut i skogen og opp i trea. Særleg epletrea, for då kan dei stele eple til å rekne med! Og Rine og Ravi må gjere som læraren seier, for han bestemmer. 

Men kva vil Bonde-Jon seie?

Epleslang er ein av titlane i Samlaget si satsing Leseland for barn som lærer å lese. Bøkene er delte inn i fire lesenivå: Ny i leseland, Kom i gang, Lesevennen og Leseproffen. Serien består av både norske og oversette titlar.

Kom og lån bøkene før Lærar-Knut finn ut at du har lyst til å lese!