Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Far din

by Trine Dale last modified 2017-08-31T07:36:06+00:00
Bjørn Ingvaldsen

Far din

Gyldendal, 2016

Leo kjem heim etter ein heilt vanleg skuledag. Foran huset står det ei stasjonsvogn og sperrar vegen. Politiet har køyrt vekk faren til Leo. Han er arrestert, mistenkt for tjuveri. Plutseleg er heile livet til Leo snudd på hovudet. Ryktet om at faren er ein tjuv spreier seg fort. Det viser seg at faren til Leo har stole på arbeid, han har brote seg inn i hus og garasjar, og mora oppdagar at til og med sparekontoen er tømt. Folk i den vesle bygda snakkar, sender stygge blikk og rottar seg saman. Snart vender alle i lokalsamfunnet ryggen til Leo og mora.

”Si hvor far din er!
Jeg vet ikke.
Si at han er i fengsel!
Jeg vet ikke.
Si hva han har gjort!
Jeg vet ikke.”

Det er rørande og sterkt provoserande, og forfattar Bjørn Ingvaldsen skriv tett på Leo sine opplevingar og møter alt gjennom hans blikk. Det er skremmande å vere vitne til kor stor makt fellesskapet har, makt til å fryse ut og øydelegge enkeltpersonar og familiar. Det er intenst og lesaren kjem nær nok til å kjenne på den inderlege uretten Leo og mora opplever. Med denne boka var Ingvaldsen nominert til Nordisk råds litteraturpris for barn og ungdom.